12
Strilen
tysdag 12. november 2024
Lena ville ha eit yrke der ho kunne gi omsorg. Det fann ho i barnehagen Lena Ulvatn Bø (26) var ferdig utdanna barnehagelærar før sommaren. Ho stortrivst i møte med små menneske i Drømmehagen barnehage.
– Eg var veldig sikker på at eg ville ha ein jobb der eg kunne visa omsorg for andre. Eg vur- derte fleire omsorgsyrke, men er veldig fornøgd med at eg val- de barnehagelærar, seier Lena. Ho synest det finaste med job- ben er det å få oppleva barna sin tillit og få vera saman med dei når dei utforskar verda. På småbarnsavdelinga i Drømmehagen barnehage på Frekhaug får ho vera ein trygg- leik for barna. Ho kan sjå kor- leis dei utviklar seg og stadig utvidar området dei utforskar, før dei vender tilbake til den vaksne for å få stadfesting og tryggleik. – Me kallar det tryggleikssir- kelen til barnet. Me snakk mykje om det på studiet på NLA, og det er veldig kjekt å sjå mykje av det me lærte og snak- ka om i studietida i praksis. Får læra og vera kreativ Sjølv om det er ein del rutinar i barnehagar, rundt sovetider og måltid, så er dagane veldig for- skjellige. – I vår barnehage er me vel- dig mykje ute, og me tar dei pedagogiske aktivitetane med oss ut på tur. No for tida fordju- par og undrar me oss over kuns- ten og det skapande barnet, for- tel Lena. Ho synest det er kjekt å sjå korleis barna reagerer i møte med ulike materiale. Til dømes leire. Som barnehagelærar får ein brukt mange sider ved seg sjølv. – Visst du har noko du er spe- sielt interessert i. Til dømes musikk, forming eller frilufts- liv, så er det gode mogelegheiter for å få vera med å påverka og få brukt desse eigenskapane i jobben. Både barn og vaksne får utfalda seg kreativt. – Og me lærer noko nytt heile tida. Barn er nysgjerrige og har
Lena Ulvatn Bø var sikker på at ho hadde lyst til å velja eit omsorgsyrke og ho er veldig fornøgd med at valet fall på å bli barnehagelærar. FOTO: ANNE-LISE NORDPOLL
mange spørsmål. Det er ikkje alt me veit svaret på, men ofte kan me svara: Det kan me prø- va å finna ut av, og så lærer me noko i lag, seier Lena. Mykje praksis Barnehagelærar er ei treårig høgare utdanning, som altså gir ein bachelorgrad. Det er også mogeleg å byggja på til ein mas- ter, til dømes i spesialpedago- gikk. Det er mykje praksis innbakt i utdanninga. I tillegg er det mange som ordnar seg med vikarjobb i ein barnehage sam- tidig med at dei studerer. – Det gjorde eg, og det var vel- dig nyttig. Det vart endå kjek- kare å studera då, fordi eg fekk sett i praksis mykje av det me lærte om på studiet. Du får flei- re knaggar å henga ting på, sei- er Lena. – Å jobba i barnehage er ein samfunnsnyttig jobb. Det å ha ein jobb som betyr noko for andre og der du opplever meist- ring, er viktig for meg. – Løna då. Korleis er den?
– Motivasjonen min var ikkje å tena mykje pengar. Eg opple- ver at eg har ei heilt normal løn, som eg lever greitt med. Det viktigaste for meg var å ha ein jobb eg trivest med og der eg får bety noko. Kor lett det er å få fast jobb, varierer litt etter kor ein er i landet, men for Lena var det ikkje vanskeleg å få jobb. – Eg fekk jobb i same barne- hage der eg hadde vikarjobb under studiet, og er kjempefor- nøgd med det. Eg likte meg så godt her i Drømmehagen, så eg hadde veldig lyst på jobb her. Å ha kort veg på jobb er også ein fordel synest ho. – Eg kjem frå Manger, men no både bur og jobbar eg på Frek- haug. Det er praktisk når ein sjølv er mamma til to, fortel Lena, som gjerne anbefaler yrket til andre.
ANNE-LISE NORDPOLL anne@strilen.no
Lena Ulvatn Bø synest det er kjekt å utforska verda saman med to år gamle Ellen (til venstre
Made with FlippingBook interactive PDF creator