Vidare Strilen utdanning

14

Strilen

tysdag 12. november 2024

Fisk, også for dei utan utdanning: – Her får ein læra å gjera jobben rett

Denne dagen skal Nordhordland Fisk AS ta unna seks til sju tonn med fisk. Mesteparten av jobben er gjort av ufaglærte. – Dette har vore yrket mitt hei- le livet. Det har vore greitt. Eg kan jo ikkje noko anna, seier Leif Bognøy, dagleg leiar og medeigar i verksemda. Han starta opp for seg sjølv i 1999 med filetering og pakking av fisk. Fyrst på den gamle her- metikkfabrikken i Mastrevik, før han hamna på kaien i Bøvå- gen, der han held til no. Her går arbeidet sin vande gang. Det er ei og anna kasse med fisk som skal lastas opp på fabrikkgolvet, og inne står mannskapet og fileterer og pak- kar. Her har Bognøy ti tilsette. Han har også nokre fleire tilset- te i Kalvåg i Bremanger, og ei avdeling på Bømlo. – Og me skjer alt for hand. For det er arbeidskraft og hard- na hender som er i sentrum i verksemda til Bognøy. Riktig nok prøvde han seg på maski- nar som fileterte ein gong i tida. – Eg enda opp med å hiva dei ut. Maskinane klarte å ta unna fisk av ein viss storleik, men så sat me att og måtte gjera resten for hand likevel. Me må kunne gjera jobben sjølv uansett. Og korleis lærer ein det? Ved å jobba. Hjå Bognøy får ein all opplæ- ringa ein treng. – Dei som er her inne no har ikkje skore i fisk før. Det er her utdanninga skjer, og det funge- rer fint. Her får ein læra å gjera jobben rett, og ikkje for fort. Gjer ein ting for fort, kan ein dra på seg senebetennelse og sjukemeldingar. Ein kan likevel få utdanning som er nokolunde inne på spo- ret, til dømes hjå maritim sku- le, men heller ikkje det gjev deg akkurat den opplæringa du treng for å jobba på fiskepakke- riet. Her er det gamlemåten som gjeld, viss du vil jobba. – Så framgangsmåten her er å banka på døra og be om jobb? – Ja. Jobb i internasjonal bransje Sjølv om Bøvågen er ein liten plass, er Nordhordland Fisk AS «a big fish in a small pond», som amerikanarane ville sagt. Bognøy sel fisk både til mark- nadene i inn og utland. Ingen skule kan bu deg på dette yrket

Dagane til Leif Bognøy består stort sett av fisk. Køyring av fisk, filetering av fisk, og faktisk av fisk. – Eg kan jo ikkje noko anna, seier han.

FOTO: TOBIAS LUCEY

Fisk for alle pengane. I dag skal mellom seks og sju tonn fisk handsamast på fabrikkgolvet. FOTO: TOBIAS LUCEY

På huset til Nordhordland Fisk har dei både produksjonsfasilitetar og utsal av fersk fisk. FOTO: TOBIAS LUCEY

Dei som er her inne no har ikkje skore i fisk før. Det er her utdanninga skjer, og det fungerer fint ❞ Leif Bognøy

Så i denne bransjen får ein faktisk ta del i både den nasjo- nale og internasjonale hande- len. Likevel er det ikkje slik at ein kan trø inn i kvar og ein jobb der ein handsamar matvarer utan utdanning i ryggen. Bogn- øy er på ingen måte anti-utdan- ning. Denne veka har han hatt kokkelærlingar på vitjing på huset. – Det er viktig at dei unge får

sjå og kjenna på produkta som dei skal foredla, seier han.

I dag skal ein stor bolk trans- porterast ut av landet, i retning Tyskland. Spanjolane er og ivrige kjøpa- rar av både breiflabb og lysing. Sistnemnde med ein ironisk tvist. – Lysingen er nasjonalfisken i Spania, og ein finn han utanfor spanskekysten. Men dei føre- trekkjer å kjøpa den norske, som har høgare kvalitet grunna det kalde vatnet.

TOBIAS LUCEY tobias.lucey@pmvest.no

Made with FlippingBook interactive PDF creator