17
Strilen
tysdag 12. november 2024
Asfalten har høg temperatur, og skal snart gjere vegen til innbyggjarane meir vedlikehaldsfri. FOTO: MONICA SKJELANGER REKNES
Her leverer Taule asfalt.
FOTO: MONICA SKJELANGER REKNES
Sjekk denne utsikta! Det er ikkje alle som har ei slik utsikt frå kontorvindauget sitt ❞ Arild Taule
Arild elskar livet som yrkessjåfør Krokbilen er på veg over brua. Snart skal Arild levere eit nytt lass med asfalt, og denne gongen får Strilen vere med.
– Yrket har endra seg i løpet av åra, seier Arild Taule. Han har arbeidd som yrkes- sjåfør i mange år, og no arbei- der han for Terje Romarheim. Med ein krokbil med hengar full av asfalt, skal han til Kolås på Radøy. Her vert det no lagt asfalt opp til ei hytte og nokre hus. Vêret og føret er fint. – Sjekk denne utsikta! Det er ikkje alle som har ei slik utsikt frå kontorvindauget sitt, seier Taule og peikar ut frontruta. Og han har rett. Kva er vel finare enn regionen vår når haustfargane set inn? Taule fortel at det er mange fleire krav i dag enn før, både til utdanning, og med tanke på bil og utstyr. Biltilsynet har hyppi- ge kontrollar for å kontrollere vekt, at køyretøyet er i teknisk god stand, og at sjåførane opp- rettheld køyre- og kviletida. Får jobbane i ein app Taule er godt van med vegane i Alver, og han får oss trygt og behageleg til Kolås der asfalten skal leverast. Men først må han parkere hengaren, for vegen opp er smal og svingete, og han må tømme ein balje om gongen. I appen på telefonen har han full oversikt over oppdraga. – Arbeidsgjevar får inn opp- drag, og så fordeler dei det til ledige sjåførar. Når eg er ferdig med jobben går eg inn på appen, skriv timane og sender inn. Han fortel at bilane og tilhøy- rande utstyr er blitt langt betre også. – Eg har brøyta i sju-åtte år no og har ikkje hatt på kjettin- gar. Det er ikkje behov for det
for det er så gode dekk. I bilen er det kjøleskåp, mikrobølgeomn, god skåpplass, og god takhøgd. – Her er alt eg treng, seier han og smiler. Han fortel at det er likevel omsyn han må ta. – Om bilen er fullasta er han tung, og om du då møter nokon og legg deg heilt ut på kanten, så kan du risikere at kanten knekk og du rasar ut i grøfta. Du må lese vegen. Risiko Å vere yrkessjåfør, særleg på Vestlandet, er ikkje utan risiko. Taule fortel at det hender han snakkar om det med familien, men han kan ikkje tenkje på det heile tida. For med klimaendringar vert det meir ekstremvêr, og på alle- reie rasutsette vegar kan det gjere arbeidsdagen endå meir utrygg. – Det gjeld særleg E16 mellom Bergen og Voss. Du kan no samanlikne HMS her og med oljeindustrien, det er ei anna verd. Han fortel at sjølv om bilen er stor, så toler han ikkje ras noko betre enn andre. – Det er ikkje noko kjekt når du køyrer mot Voss og det høl- jar ned. Men kva skal du gjere? Du kan ikkje seie at eg kjem når det er opplett. – Kan absolutt anbefalast Han trivast likevel godt som yrkessjåfør. – Eg kan absolutt anbefale å bli yrkessjåfør, men det er ikkje tingen om du har små born og skal rekke barnehage og SFO. Du veit aldri helt korleis
Jobbane får han i ein app på telefonen. Her kan han levere inn timane han nyttar på jobben. FOTO: MONICA SKJELANGER REKNES
arbeidsdagen blir eller når du kjem heim. Då han tok førarkortet på vogntog, tok han eit ni-vekers kurs på Kaupanger, men han må jamleg ta kurs for å få halde fram som yrkessjåfør. – Då fekk eg førarkort på mel- lom anna buss, lastebil, semi- trailer. I dag må du ha fleire oppkøyringar, alt etter kva du skal køyre. Han fortel at det er meir krev- jande å ta det i dag, men at det er positivt. Han meiner at det då er folk som brenn for faget som vel den vegen. – Dei som vel det på yrkessku-
len gjer jo det for at dei brenn for faget. Då får du gode lærlin- gar. Skal du bli dyktig i faget så må du ha interesse for det, men det gjeld jo alt. Taule ryggar seg lett ned att den smale vegen, får snudd og henta hengaren. No er denne jobben gjort, og han skal vida- re. Journalisten må også attende til sitt, men har fått eit litt betre innblikk i kvardagen til ein yrkessjåfør på Vestlandet.
MONICA SKJELANGER REKNES monica@strilen.no
FOTO: MONICA SKJELANGER REKNES
Made with FlippingBook interactive PDF creator