Vidare Strilen utdanning

2

Strilen

tysdag 12. november 2024

Mathias er lærling på oppdrettsanlegg: – Det er ei stor, ny næring og ein viktig jobb Flåten fyllast opp av festklare ordførarar og leiarar i

industrien. Det er ein stor dag, og dei tre ungdommane er litt ekstra stolte av arbeidsplassen sin akkurat denne dagen. Den nye visingsflåten litt utan- for Manger på Radøy, skal døy- past. Rib-båtane går i skyttel- trafikk for å frakte ordførarar frå heile regionen, journalistar og andre frå næringa til stor dåpsfest for visingsflåten «Åsta». Dei tre ungdommane Mathias Lavik Sæle, Jonas Bø Garnes og Kasper Kjevik er allereie om bord. Dei har sjekka både mer- dar og mata dei små fiskane, og passa på at alt er i orden. Sæle frå Bøvågen er lærling på flåten, der han arbeider for Lingalaks. – Eg gjekk først på Naturbruk VG1 og så på Akvakultur på VG2 på Austrheim, seier Sæle. Sidan har han vore lærling på Toska sør. – Kva er oppgåvene? – Det er mellom anna å telje daud fisk, og kvar veke må me telje lus for å sjekke at me ikkje er over grensa. No har det også vore mykje klargjering, då me ikkje har hatt fisk på eit halvt år. – Kva gjer de då? – Då set me ut nøter, og alt utstyr som fôrspreiar og kame- ra, mellom anna. Starta med besøk på visingssenter Det heile starta faktisk med eit visingssenter for Sæle. Han fortel at han alltid har vore glad i å vere på sjøen og glad i å fiske. I tillegg har han alltid hatt tanken om oppdrett i bakhovudet. Men, det var turen til eit visingssenter på ung- domsskulen som gjorde til at han bestemte seg. Det førte til at han snart er driftsteknikar. – Eg var på visning hjå Linga- laks i niande klasse, og det såg kjekt ut. Då blei det det. Eg trur det er bra å ha visingssenter med tanke på rekruttering. – Kva er ein driftsteknikar? – Det er som ein bonde på sjø- en, på ein måte. Røktar. – Dette er ei næring som har fått mykje kritikk. Kva tenkjer du om det? – Det er ikkje bra at fisken døyr. Målet er å få ned dødeleg- heita.

Mathias Lavik Sæle tok nyleg fagbrev som driftsteknikar, og arbeider no på den nye visingsflåten «Åsta».

FOTO: MONICA SKJELANGER REKNES

Jonas Bø Garnes og Kasper Kjevik kjem frå Austevoll.

Denne visings-/fôringsflåten ligg på sørsida av Toska, og like ved Manger. FOTO: MONICA SKJELANGER REKNES

Det er mellom anna å telje daud fisk, og kvar veke må me telje lus for å sjekke at me ikkje er over grensa ❞ Mathias Lavik Sæle

FOTO: MONICA SKJELANGER REKNES

Han synest også det er kjekt å jobbe på ein visingslokalitet og møte folk som kjem innom. – Det er fint å sjå at næringa veks. – Kva tenkjer du om å jobbe i ei næring som får ein del kri- tikk? – DNA-et til Lingalaks er «Det er her me bur». Me bryr oss vel- dig om miljøet kring oss. Difor har me gode rutinar på rein- hald. Eg plukkar sjølv ofte boss når eg er ute på lokasjonen, og me har gode rutinar på å melde ifrå om dødelegheita aukar. Likar livet på sjøen Kasper tok også utdanninga si på Austevoll og arbeidde i eitt år i Hardanger før han byrja på Radøy etter sommaren. – No er det siste året før eg kan ta fagbrev. Eg likar å vere ute og jobbe, og er likar å vere på sjøen, særleg på fine dagar. Her er det også kjekke folk å jobbe med, seier Kjevik. – Kvifor valde du dette yrket?

– Eg likte å vere på sjøen og tenkte det kunne vere spennan- de. Det er veldig fint her på den nye flåten, med mykje nytt og mykje å lære seg. – Kva er den daglege rutinen her på flåten? – Først møter me inne og snakkar om kva me skal gjere. Så må me kanskje ut på merda- ne for å fikse noko, så pumpar me opp død fisk. Så går me ut til merdane for å sjå at alt er som det skal. Fôring vert gjort frå Hardanger. Han støtter Garnes i at det er stort fokus på miljø. – Det vert betre og betre. Pas- sar på, plukkar opp boss, og prøver å halde det så reint som mogeleg. – Vil de anbefale yrket til and- re? – Absolutt! avsluttar dei.

– Er dette eit yrke du vil anbe- fale andre? – Absolutt. Dette er jo framti- da. – Dette er framtida Jonas Bø Garnes og Kasper Kje- vik er begge frå Austevoll. Jonas tok nyleg fagbrev som driftsteknikar og arbeider på flåten. Kasper er lærling. – For min del starta det med at eg var eg på eit visingsanlegg då eg gjekk på ungdomsskulen. Så byrja eg på blå naturbruk på Austevoll, før eg byrja som lær- ling i Lingalaks og tok fagbrev for eit par månader sidan. Han synest det er ekstra kjekt å jobbe på den nye visingsflåten, særleg då han sjølv valde det yrket etter å ha vore på visingssenter. – Det er kjekt å få vere med å bidra til noko stort. Dette er ei stor, ny næring og dette er ein veldig viktig jobb. Det er gøy og varierande å jobbe på sjøen.

MONICA SKJELANGER REKNES monica@strilen.no

Made with FlippingBook interactive PDF creator