Vidare Strilen utdanning

21

Strilen

tysdag 12. november 2024

Verksemda har godt med belegg, men har plass til fleire kundar.

FOTO: TOBIAS LUCEY

Kontorbikkja Bella, ein ni år gamal samojed, helser ivrig på kundane som kjem inn døra. FOTO: TOBIAS LUCEY

g i yrket.

Denne doningen, ein legendarisk 1956-modell Dodge D500 Lancer Royal Custom som det berre vart laga 1500 eksemplar av, skal attende til hennar tidlegare prakt. FOTO: TOBIAS LUCEY

FOTO: TOBIAS LUCEY

praktisk anlagd, men han had- de ikkje gode nok karakterar. Taule minner om at å jobba med bil er ein annleis yrke no enn då han starta verksemda si i 1985. – Utstyret er annleis, og bila- ne er annleis. Elbilane har kome, og ting er meir datastyr- te. Så om ein har ei blanding av interesser, både opp mot bil og data, kan dette faget vera midt i blinken. Den andre vegen ein kan gå er å starta rett i firmaet frå ung- domsskulen. Då går ein eit fire- årig løp med ein dag på skulen. Per dags dato har GT Lakk & Karosseri to lærlingar på huset. – Det verkar som at dei trivst, og mykje av det har nok å gjera med at ingen jobb er lik. Her tar me inn alle slags merke. Familieverksemd med familieprosjekt Apropos, så må me jo sjå kva doningar verksemda har på huset. Sonen til Geir, Joachim Taule, viser fram eit langtids- prosjekt dei har ståande. – Denne vann på Daytona i 1965, seier han og peikar på ein 1956-modell Dodge D500 Lancer Royal Custom. Forma på bilen minner om ei

svunnen tid, der bilkulturen stod i sentrum. Akkurat no er bilen strippa ned til eit mini- mum. Planen her er at gliset skal skine i original prakt. Ho er (diverre) ikkje for sal: dette er eit personleg prosjekt. – Det er snakk om full restau- rering. Bilen har vorte lakkert ein god del gongar, så no har me slipt alt det vekk, og skal lakke- re bilen i den originale blåfar- gen. I underetasjen står det også nokre historiske doningar. Mel- lom anna ein 71-modell Pontiac, gjeven i gåve frå faren sin. – Eg har teke av bakskjerma- ne, og sveist på nye. Mykje står att. Bilen var eit vrak, som no skal verta intakt. Faren sper på. – Eg berga den frå vraklinja for å køyra løp med på Rudsko- gen, men så vart ikkje det noko av. Og no skal den gå i arv frå barn til barn. Bil, som familie- verksemd.

TOBIAS LUCEY tobias.lucey@pmvest.no

Denne Pontiac-en har Joachim fått i gåve av faren. Han svarar kontant «ja» til spørsmål om hans eigne born skal få bilen når tida er inne. FOTO: TOBIAS LUCEY

Made with FlippingBook interactive PDF creator