Vidare Strilen utdanning

22

Strilen

tysdag 12. november 2024

Silje har ein kokke

I denne barne- hagen veit barna kor maten kjem frå. Det er ikkje vanskeleg å læra når ein har sin eigen kokk.

– Kva trur de har vore inni magen på lammet?

– Jordbær! – Syltetøy – Ein baby?

Barna på avdelinga «Blåfjell» i Drømmehagen barnehage på Frekhaug lener seg nysgjerrig fram over kjøkkenbenken når Silje Garlid viser fram lamme- skrotten. Er blitt tradisjon For fjerde år på rad har barne- hagen bestilt inn eit slakt som barna skal få studera, skjera i og som til slutt skal enda opp som godt pålegg, pinnekjøt, fenalår og anna som barn og foreldre skal få smaka på. Dei ulike avdelingane har ansvar for forskjellige rettar. Gjengen på Blåfjell får vera med å skjera ut svangane på lammet fordi dei skal laga lam- merull som skal serverast på julebordet til barnehagen. And- re grupper skal laga kjøttdeig og fenalår. – Fenalåret må henga og mod- na, så det blir ikkje ferdig før til våren, forklarer Silje. Ho får med seg barna til å tel- ja kor mange bein lammet har og til å finna halen, så ser dei på ribbeina og snakkar om at alle levande dyr har hjarte og lun- ger. Ein annleis kokkejobb Silje er utdanna kokk, og har vore innom mange ulike kokke- jobbar. Både som kokk på hotell og restaurantar, i kantine og no i barnehage. Ho har vore kokk og avde- lingsleiar for kjøkken i Drømmehagen barnehage på Frekhaug sidan barnehagen opna i 2013. – Som kokk i barnehage lagar eg like mykje mat som då eg jobba på restaurant, men meny- Som kokk i barnehage lagar eg like mykje mat som då eg jobba på restaurant, men menyen er heilt ann- leis og du jobbar på ein annan måte. Eg har til dømes eit stort fokus på ernæring ❞

Sjå der er halen!, seier Silje. Vaktmeister Ole Marton Sæle var også med på kjøkenet denne dagen. Han er helten i barnehagen og har mykje kjekt verktøy. Når lammet skal delast opp, er det han som han som bruker saga. FOTO: ANNE-LISE NORDPOLL

Barna veit kor maten kjem frå. Samtidig med at dei jobba med slaktet fekk barna sjå bilde av lam på veggen og av kjøtstykka dei skulle skjera ut. FOTO: ANNE-LISE NORDPOLL

Ser de ribbeina, spør Silje Garlid, når ho viser fram ein lammeslakt til barna i Drømmehagen

en er heilt annleis og du jobbar på ein annan måte. Eg har til dømes eit stort fokus på ernæ- ring, fortel Silje. Dei fleste barnehagar i dag serverer barna eitt eller fleire måltid som barnehagen har ansvaret for, men det er ikkje alle barnehagar som har kokk. I Drømmehagen barnehage har dei ein filosofi der dei er opptekne av at barna skal læra gjennom å utforska verda saman med dei vaksne. Mat og ulike smakar er også ein del av utforskinga.

Og her får barna i større grad enn vanleg vera med å laga

maten dei skal eta. Fiskepinnefabrikk og smaksverkstad

– Nokre gongar er grupper med barn med inn på kjøkkenet og lagar mat med meg slik som med lammet. Men veldig ofte skjer matlaginga inne på avde- lingane der barna er saman med pedagogane. Visst eg skal laga ein rett der eg treng mykje gulrøter, så kan me til dømes setja barn og vaksne i arbeid

Denne kjøttbiten skal etter kvart bli til ei lammepølse, som skal serverast på julebordet til barnehagen. FOTO: ANNE-LISE NORDPOLL

Silje Garlid

Made with FlippingBook interactive PDF creator