Vidare Strilen utdanning

23

Strilen

tysdag 12. november 2024

ejobb utanom det vanlege

n barnehage.

FOTO: ANNE-LISE NORDPOLL

med å skrella og kutta opp gul- røter, forklarer Silje. Når heile barnehagen skal ha fiskepinnar til middag, så set ho også i gang ein «fiskepinnefab- rikk» der barna sit på rekke, og dyppar og vender fiskebitane i ulike skåler etter tur. – Barna synest det er kjempe- gøy, og det er veldig effektivt. Eg hadde aldri klart å laga fiskepinnar eller skrella alle gulrøtene me treng til barneha- gen heilt aleine, seier Silje. Det er ho som planlegg meny- en i barnehagen frå veke til

veke. Normalt er det tre måltid for dag og i tillegg til frukt. – Me følgjer Helsedirektoratet sine tilrådingar, og så er me opptekne av at me ikkje serve- rer helgemat i barnehagen. Når det gjeld 1–2-åringane, er me spesielt opptekne av ikkje laga mat med sukker. Ein kan bruka sukker slik ein ville brukt kryd- der. Det vil seia i små mengder som ei smakstilsetjing, men det skal ikkje vera noko der sukker er ein vesentleg ingrediens, slik som i julekaker eller vanlege bollar, seier Silje.

Ho passar også på at barna vert introdusert til mange for- skjellige smakar gjennom maten i barnehagen. – Nokre smakar slik som søtt og salt, likar dei fleste. Medan ting som smakar surt og bittert krev tilvenning. Då jobbar me med det på ulike måtar. Til dømes kan ein kombinera brok- koli med ost, slik at smaken vert mildare, forklarer ho. Større variasjon enn folk trur Silje trivest i barnehagen. Etter

mange år i hotell og restaurant- bransjen, synest ho at det er kjekt å ha arbeidstid på dagtid. – I starten når ein er ung og nyutdanna er det veldig kjekt å jobba på hotell og restaurantar, men seinare i livet og når ein får barn, så er det kjekt å kunna ha fritid på same tidspunkt på døgnet som andre. Difor er det fint å vita om at ein kan jobba som kokk på mange ulike måtar, seier ho. Ho meiner det er mykje stør- re variasjon innanfor kokkeyr- ket enn det folk flest tenkjer

over. Og gjennom denne kokke- jobben får ho også god kontakt med dei små. – Skal du trivast som kokk i barnehage, må du ikkje berre lika å laga mat og vera oppte- ken av riktig ernæring. Du må også synest det er kjekt å jobba med barn, seier Silje.

ANNE-LISE NORDPOLL anne@strilen.no

Made with FlippingBook interactive PDF creator