Vidare Strilen utdanning

26

Strilen

tysdag 12. november 2024

Saman om musikken: –Vi får utdjupe kjensler Elias Farestveit synest det er kjekt å vere ein del av eit fellesskap. FOTO: HENRIK HAUKEN

Helselinjene på Knarvik vgs. hadde nyleg si første øving med musikklinja på Langhaugen vgs. Målet var å saman skape søt musikk frå ulike perspektiv.

«All you need is love» rungar over Knarren i det Strilen kjem på øving. Her er det mange i sving. Fem helselinjer frå Knarvik vgs. har sitt kor, og har fått med seg både musikarar og songarar frå musikklinja på Langhaugen vgs. Målet er både å skape ven- skap og få ei forståing for ulike aspekt ved musikken. – Får utdjupe kjensle Og for å spele saman på skule- avslutninga. – Her får vi utdjupe både kjensler og fellesskap, seier Elias Farestveit. Han går VG2 på helse- og opp- vekst. Det å gjere noko felles med dei andre helseklassane, på tvers av alder, gir meistring- skjensle. – Det er annleis når du gjer noko felles med andre. Det hjel- per oss å forstå korleis det er å jobbe med andre enn dei vi er Korprosjektet «Sammen» til helse- og oppvekst blei til etter «Demenskoret» på NRK. Intensjonen var eit betre skulemiljø. For musikk kan røre. Bevege. Skape kjensler og noko større. Noko dei gjorde då dei hadde konsert på Knarvik sjukeheim. Eller då dei tidlegare i år mar- kerte 50-årsjubileet til sjukehei- men. – Det var utruleg kjekt å sjå den gleda dei eldre hadde, seier Sperrevik og legg til at dei også Det er annleis når du gjer noko felles med andre. Det hjelper oss å forstå korleis det er å jobbe med andre enn dei vi er vande med ❞ vande med. Starta med «Demenskoret»

hadde Knarvik barnehage med seg der. – Får auka forståing for elektronikk I sentrum av koret er Marco Skurtveit. Han går VG1 elektro, men har også ein lidenskap for musikk via bandet Metallstøy. No syter han for at alt av lin- jer speler saman slik at koret skal høyrast best mogeleg ut. – Eg føler at eg forstår meir elektronikk ved å jobbe med musikk. Her er det så utruleg mange flinke folk som alle ønskjer å lage eit best mogeleg produkt. For musikk, er noko den komande elektrikaren kan ten- ke seg å drive på med også i framtida. – Ja, eg kan absolutt tenke meg å drive med musikk, men det er jo greitt å kunne ha fleire bein å stå på, seier Marco. – Dette er fag At musikk er viktig i helsenæ- ringa, er ikkje lærar Kristine Moldeskred i tvil om. – For oss er det eit mål at ele- vane skal kunne jobbe vidare med musikk som eit verktøy i omsorgsyrka dei skal ut i. Dette er eit fag, som er annleis enn deira kvardag. Moldeskred seier at ho har fått gode tilbakemeldingar frå elevar på at det har vore kjekt å sjå gleda til pasientane dei har framført for, som på 50-årsmør- kinga til Knarvik sjukeheim nyleg. Koret er på sitt tredje år. Sjølv om dei mellom anna har hatt musikkstudentar frå Grieg- akademiet med seg tidlegare, var det tilfeldig at det no blir samarbeidskonsert med musikklinja på Langhaugen. – Kristine og meg var på eit felles dirigentkurs. Vi synest at fylket bør samarbeide meir på tvers, og her er vi, seier Ingvild Espenes. Øvinga blir avslutta med grundig gjennomgang av «All I Want For Christmas» som garantert blir å høyre på kon- serten når den kjem.

Det er mykje som må øvast og terpast på.

FOTO: HENRIK HAUKEN

Hugo Solstrand, Cato Sperrevik, Elias Farestveit og Marcus Ulriksen går alle i VG2 på Helse- og oppvekst, og synest dette koret er ein fin anledning til å få nye vener. FOTO: HENRIK HAUKEN

Marco Skurtveit er i sentrum for det heile.

FOTO: HENRIK HAUKEN

Kvar einaste stemme skal terpast. FOTO: HENRIK HAUKEN

Lærar på Langhaugen, Ingvild Espe- nes, er euforisk i det ho går gjennom FOTO: HENRIK HAUKEN

Detaljane er viktige. «Der skal vi synge».

HENRIK RAMBJØR HAUKEN henrik.hauken@strilen.no

Elias Farestveit

Made with FlippingBook interactive PDF creator