33
Strilen
tysdag 12. november 2024
– Han er ikkje så streng, seier Nikolai. Han er tømrarlærling i faren si bedrift, men sjølve opplæringa må sjef og pappa Jan Erik Skahjem halde seg vekke frå.
Han har nok mange gode tips på lur. Eigar og dagleg leiar i Jan Erik Skahjem i Idehus Ska- hjem Bygg As, driv det lokale firmaet i Brekke i Gulen der sonen Nikolai Skahjem er lær- ling. Men sjølv om han driv selska- pet, er det andre som står for opplæringa. Fekk materiale til å byggje eige stillas Jan Erik har arbeidd i bransjen og drive sjølvstendig sidan byr- jinga av 90-talet. Og tidene har endra seg. – Då eg byrja å byggje hus og skulle ha stillas, fekk eg ein haug med 2X4 og 2X8. Då hadde du spir til å sette opp og nokre bord over og nokre 2X8 du gjekk på. Det var ikkje noko krav til slikt den gongen, seier Jan Erik. Han dreiv også sagbruk i sta- ren, der han saga material frå skogen til foreldra sine. I dag er mykje endra. Det er langt strengare krav til bygg i seg sjølv, men også til HMS for dei tilsette. I dag har firmaet til saman 16 tilsette, og er i full gang med å byggje nytt kontorbygg. – Me har litt lite plass her no. Me er ferdig utvendig, men byg- gjer det når me har tid til det. Der vert det litt betre plass og nærare lageret, seier jan Erik. Byrja på Salg, service og reiseliv Det var ikkje sjølvsagt at Niko- lai skulle bli tømrar. – Eg byrja på Salg, service og reiseliv, men likte ikkje så godt så mykje teori. Eg ville gjere noko meir nevenyttig, seier Nikolai. Han fortel at det var lettare å gå over til byggebransjen då far hans allereie er i bransjen. – Eg fann ut eg skulle prøve meg her, og det har vore ein god match. Dette er noko eg vil dri- ve med i veldig lang tid. Han har difor gått tre år på skule, først sal og sørvis, så bygg og anleggsteknikk, og så VG2 tømrar. Det er likevel ulike
vegar å gå for å bli tømrar. – Når du har tatt fagbrev i tømrar er det lett å ta andre fag også. Du treng ikkje å ta opp att fag som engelsk, norsk. Då kan du ta fleire utdanningar med andre fagbrev, og du har fått innsikt i tømrarfaget. Døme på det er fagbrev innafor betong, røyrleggar og blekkslagar. – Er det du som skal overta bedrifta når far din går av med pensjon? – Ja, det blir nok det, seier Nikolai. – Ja, om me framleis er i live, seier Jan Erik. – Det er konkursar over alt no, også eldre og store bedrifter. No har me hatt bra marknad her inne og mange brukar oss lokalt. Så har me eit lite mate- riallager så folk for hente mate- rial om dei byggjer sjølv. Utan det hadde det vore litt tyngre å drive her, held han fram. Nettkurs Nikolai er ferdig med det første året i læretida, og er no i gang med det andre og siste året før han kan ta fagbrev. Men teorien slepp han ikkje heilt unna. – Me har masse teori me skal lese, og så skal me svare på spørsmål frå teorien. Det skal ein gjere på fritida. Så skriv eg også logg på alt eg gjer. Tar bile- te, forklarar kva eg gjer og kvi- for, seier Nikolai. – Dei fleste tilsette har vore lærlingar først Byggjefirmaet har oppdrag i Høyanger og Gulen, men også i nabokommunane Masfjorden, Alver, Hyllestad og Solund. – Me byggjer hus, hytter og rehabiliterer bygg, seier Jan Erik. Han fortel at dei har hatt flei- re lærlingar også i det siste. – Dei siste åra har me hatt tre lærlingar, men no har dei byrja å ta fagbrev, så me har att to. Dei fleste som jobbar her har vore lærlingar her også. Ikkje dei eldste då, seier Jan Erik.
Eg byrja på Salg, service og reiseliv, men likte ikkje så godt så mykje teori. Eg ville gjere noko meir nevenyttig ❞ Nikolai Skahjem
MONICA SKJELANGER REKNES monica@strilen.no
Jan Erik og Nikolai samarbeider, men opplæringa får ikkje Jan Erik involvere seg i. FOTO: MONICA SKJELANGER REKNES
FOTO: MONICA SKJELANGER REKNES
Made with FlippingBook interactive PDF creator