35
Strilen
tysdag 12. november 2024
va det er eingong Etter at Petter og Ole kom inn i
firmaet til far deira i 2019, har dei drive det saman. – Det er ikkje alle som veit kva dette yrket er, eingong. Ole utdanna seg til platearbei- dar og Petter til bilmekanikar, men begge tok fagbrev som blekkslagar, eit yrke som kan- skje ikkje så mange har eit nært forhold til. No driv dei firmaet Blikk og Murforretning AS på Frekhaug i Alver saman med far sin. – Kva er ein blekkslagar? – Det er eit veldig stort spek- ter på kva ein blekkslagar er. Me driv med veldig mykje for- skjellig. Hovudsakleg arbeider me med tynnplater som vert forma til det du treng å bruke det til, seier Petter Dale Brak- stad. Han fortel at det oftast vert nytta på tak, rundt skorstein, på møne, på kantane og nede i takrenner. – Me driv også som taktekka- rar med PwC på funkishus. Det har ikkje så mykje med blekk- slagaryrket å gjere, men me gjer det også. Hovuddelen av å vere blekk- slagar er likevel å lage beslag av tynnplater, seier han. Likevel er også andre oppgå- ver som ventilasjon og monte- ring av fasade ein del av jobben. – Og montering av takstein, men det er ikkje noko me driv med. Me har spesialisert oss litt. Tak er det me brukar mest tid på og som me arbeider mest med, men også beslag til vin- dauge, grunnmursbeslag og alt mogeleg, seier Brakstad. Varierande arbeidsdag – Korleis er ein vanleg kvardag for ein blekkslagar? – Det varierer veldig. I dag var eg med ute og tok ein inn- kledning på ei pipe. Ho var pus- sa med mur, og er no kledd inn med blekk, og så er det ei kule oppå for betre trekk. Det gjorde Me driv med veldig mykje forskjellig. Hovudsakleg arbeider me med tynnplater som vert forma til det du treng å bruke det til ❞ Petter Dale Brakstad
Petter og Ole Dale Brakstad.
FOTO: MONICA SKJELANGER REKNES
Petter må sjå at det ser rett ut.
FOTO: MONICA SKJELANGER REKNES
eg og ein annan før klokka tolv i dag. Han fortel at høgdeskrekk ikkje passar heilt inn i yrket som blekkslagar. – Nei, du må veldig mykje opp på tak, i stige og i stillas. Om du har høgdeskrekk slit du litt, sei- er Brakstad og ler forsiktig. Han fortel at dei har mange både private og bedriftskundar som bestiller beslag etter mål også. – Det er ein profil av ei tynn- plate som me lagar til dei på mål. Det gjer me veldig mykje av. I området her er me kanskje den som sel mest av det. Det går veldig mykje stål gjennom bedrifta her. Både Petter og Ole har tatt ein litt utradisjonell veg inn i bransjen, men for dei som veit på førehand at det er dette dei vil satse på, då er det ein litt enklare veg å gå. Mangel på blekkslagar – Skal du utdanne deg til blekk- slagar, så går ein byggfag på VG1 og VG2 blekkslagar. Så er du lærling i to år. Brakstad fortel at det er man- gel på blekkslagarar i markna- den.
– Store firma slit med å få tak i blekkslagarar og difor tar dei inn tømrarar og lærer dei opp- gåvene. Det er mange som ikkje veit kva det er heller. Det er bruk for fleire blekkslagarar, det er meir enn nok jobb til dei. Av og til får brørne ekstra spennande og spesielle jobbar. – Me har skifta ut kopar i kyr- kjespir på to kyrkjer. Då skal det gjerast på den gamaldagse måten med bandtekking. Då skal du få plater til å bli tett ved å berre bøye og forme med ham- mar og jern. Det har dei gjort i mange år. Det er moro å ha vore med på. Du ser korleis dei gjor- de ting før i tida. Han fortel at det ikkje er mange blekkslagarar som får vere med på slike oppdrag. – Taka varer i minst 80 år, og det er jo ikkje så mange kyrkjer. Me tok Seim kyrkje i år, og Sæbø kyrkje i fjor. Det var vel- dig kjekt å vere med på.
Sjå video på strilen.no
MONICA SKJELANGER REKNES monica@strilen.no
FOTO: MONICA SKJELANGER REKNES
Made with FlippingBook interactive PDF creator