38
Strilen
tysdag 12. november 2024
– Eg vil bli kaptein Thaline brukar simulator til millionar:
På Austrheim vgs. brukar dei simulator for å førebu seg på den verkelege verda.
Austrheim vidaregåande har investert to millionar i simolatorutstyr. Slik hamlar dei opp med tilsvarande skular i byen for å utdanne dei beste sjøfolka.
42 knop i Tromsøfjorden. Det ser ikkje så fort ut på det store skipet, men elevane på Mariti- me fag er konsentrerte. Dei veit at det når som helst kan dukke opp eit skip eller liten småbåt dei må ha total kontroll på. – Eg ønskjer bli kaptein, seier Thaline Berge Monslaup, bestemt på spørsmålet om kor vegen går vidare. Ho styrer svingspaken, med- an makkeren hennar tar seg av farten. – Vår største investering Skulen har brukt ikkje mindre enn to millionar på naviga- sjonssimulatoren, som består
av programvare, skjermar og joystick. – Dette er vår største investe- ring, men det er naudsynt om vi vil hamle opp med skulane i byen. Så den investeringa tar vi, seier rektor Frode Hersvik til Strilen. Elevane likar at skulen hen- ger med i den teknologiske utviklinga. – Eg trudde ikkje vi skulle få det, men det er utruleg gøy å drive på med, fortel Thaline. Ruben Tveiten og Anton Dal- land er klare på at læringsut- byttet er stort. – Sjølvsagt, svarer Anton kontant, medan Ruben gler seg til dei seinare skal simulere
God kontroll.
FOTO: HENRIK HAUKEN
Made with FlippingBook interactive PDF creator