4
Strilen
tysdag 12. november 2024
Olav Fykse, Signe Sofie Grindheim, Zeinab Halo og Olav Veland er alle klare på at det er viktig å ha eit godt studiespesialiserande tilbod i nærmiljøet. FOTO: HENRIK HAUKEN – Viktig å kunne vere nær skulen og lokalmiljøet For mange
ungdommar i Alver er valet enkelt. Dei føretrekkjer
Knarvik vidare- gåande framfor å pendle til Bergen.
Olav Veland har vore sommarvikar for avisa Nordhordland, og utelukkar ikkje at han vil halde fram med jour- nalistikk etter vidaregåande. FOTO: HENRIK HAUKEN
Signe Sofie Grindheim angrar ikkje på valet om å gå på Knarvik vgs. FOTO: HENRIK HAUKEN
Oliver Sudmann valde studiespesiali- serande fordi han ikkje aner kva han skal velje vidare. – Eg vurderer mili- tæret, så får eg sjå, seier han. FOTO: HENRIK HAUKEN
Her kan eg vere nær både skule og aktivitetar utan å ofre fritida, seier Olav Fykse. FOTO: HENRIK HAUKEN
Fleire elevar trekkjer fram kor- tare reiseveg, skulemiljø og nærleiken til vener som viktige grunnar for å velje Knarvik. Oliver Sudmann, no i sitt tredje år på studieførebuande, starta på Åsane vidaregåande, men bytta til Knarvik i 2. året. – No brukar eg berre fem minutt til skulen, mot 20 før. Det gjer kvardagen enklare, sei- er han. Han seier det er ein nøytral og positiv atmosfære og at alle ser ut til å ha det fint på skulen. mot 20 før. Det gjer kvardagen enklare ❞ Oliver Sudmann No brukar eg berre fem minutt til skulen,
– Vi har til og med frukostser- vering etter første time, og så kan ein kjøpe salat og bagettar etter det. Hovudgrunnen til at Olivier valde å reise tilbake til Knar- vik, er nettverket han har her. – Eg har mange vener her, og det er kort veg til aktivitetar etter skuletid. Vurderte musikklinja, men valde utdanning heime Han er ikkje den einaste som tenkte nærleik. Sjølv om Vestland fylkeskom- mune har valt å leggje ned ein av dei studiespesialiserande klassane, har søkartala vore gode. Faktisk har det vore venteliste for å kome inn. – Eg vurderte musikklinja i Bergen, men såg at pendlinga
ville vere utfordrande. Eg had- de aldri klart å stå tidleg nok opp for den reisevegen, seier Olav Veland. Han bur berre tre minutt unna skulen i Knarvik, så valet blei nærskulen. – Det er eit veldig godt miljø på skulen, så eg angrar ikkje på valet. – Langt å pendle frå Radøy til byen Ein elev som allereie pendlar litt, er Signe Sofie Grindheim. Ho bur på Radøy, og vurderte også å gå på Austrheim vgs., men valde Knarvik på grunn av nettverk. – Det hadde vore for langt å pendle frå Radøy til byen, og eg vil ikkje bu på hybel, fortel Sig- ne.
For etter skuletid har ho akti- vitetar, som ho måtte ha gitt slepp på ved eit eventuell pend- larliv. Det blei difor ikkje aktu- elt. – Det at mange av venene mine også går her, gjorde det til eit lett val. – Mange mogelegheiter Også Olav Fykse hadde hatt ein lang reiseveg om han måtte til byen. – Eg bur på Ostereidet, og om ein då reiser kollektivt, hadde det tatt ein time til byen. Han tok difor, til liks med dei andre, eit val basert på det tryg- ge og nære. – Her har vi mange mogleg- heiter vidare i livet, og eg kan vere nær både skule og aktivite- tar utan å ofre fritida, seier han.
Elevane synest det er trist at enkelte ungdommar i området må reise til Bergen for å få plass på dei studieretningane dei ønskjer, når ein linje på studie- spesialiserande på sikt blir lagt ned. – I Bergen har dei mange sku- lar å velje mellom, men her har vi berre éin vidaregåande sku- le. Då er det leit når nokon må pendle langt for å finne linja dei vil gå på, seier Veland. For ungdommane i Alver handlar valet av skule om meir enn berre fag. Det handlar om tilknyting, venskap og mogleg- heita til å kombinere skulegang med fritidsaktivitetar i nærmil- jøet.
HENRIK RAMBJØR HAUKEN henrik.hauken@strilen.no
Made with FlippingBook interactive PDF creator