44
Strilen
tysdag 12. november 2024
Pedro Pequito driv sushirestaurant og serverte sushi til gjestane på dåpen av fôrflåten og visingssenteret på Rasøy. Han kom til Noreg i fjor, og har allereie planar om fleire restaurantar i Noreg. FOTO: MONICA SKJELANGER REKNES Pedro laga sushi til gjestane på «Åsta»: – Tok ti år å bli sushikokk Pedro er sushi-
som er godkjent av japanske myndigheiter, som viser at eg kan lage sushi etter japansk tradisjon. Japan har fantastisk mat, alt dei gjer er perfekt, og det er ei fantastisk reise å kome inn i det japanske kjøkkenet. – Må like det ein arbeider med – Eg brukte ti år. Det starta i Austerriket, for eg arbeidde der som kokk. Der hadde dei sushi, så eg lærte mykje der. Så søkte eg etter det, tok kurs. Det tok ti år. No er Pedro i Noreg og vil gjerne lære andre i faget. – Eg kom til Noreg og Nor- heimsund i fjor, der me starta restauranten vår. Prøv å sjå om du likar det, og leit etter kunn- skap slik at du vert flinkare, og så ordnar det seg ❞ Pedro Pequito
– Kva råd har du til ein 16- åring som ønskjer å bli sus- hikokk? – Søk det opp, prøv det. Eg vart ordinær kokk først. Det viktigaste er å finne ut om det er dette du vil. Når me dedike- rer oss sjølve til ein jobb synast eg at me må like det me gjer, for det er det me er meint å gjere i framtida. Prøv å sjå om du likar det, og leit etter kunnskap slik at du vert flinkare, og så ordnar det seg. – Du treng ikkje reise til Japan for å bli sushi-kokk? – Nei, eg har aldri vore der. Eg tok det frå Portugal i samar- beid med Japan. Men du må vere interessert og vere villig til å gjere det, då trur eg det går bra. – Og no driv du din eigen sus- hibar? – No driv eg min eigen sushi- bar og restaurant. Me har man- ge planar framover, og eg håpar me kan drive fleire restauran- tar på sikt. Og om folk vil lære, så kan dei kome til vår restau- rant. Så vil eg lære dei litt, og dei kan jobbe der.
kokk og kjem frå Portugal. No har han starta eigen restaurant i Noreg. Det var Pedro Pequito laga sushi til gjestane då Lingalaks arrangerte dåp for den nye fôringsflåten og visingssenteret på Radøy. Han driv Uni sushi & Izakaya i Norheimsund, og laga sushi av Lingalaks sin laks. Ifølgje apetitt.no tar det 10 år å bli sushikokk om ein følgjer japanske reglar. Det gjorde det også for Pedro. Han er frå Portugal, og tok først ordinær kokkeutdanning. – Eg tok ei utdanning på tre år som førebudde meg på arbeid i ulike kjøkken. Men så fall eg for dei japanske tradisjonane og det kjøkkenet og bestemte meg for å gå for det, seier Pequito. Han brukte mykje tid på å lei- te på nettet for å finne ut kor- leis han kunne gå vidare. – Eg har ein grad frå Japan
MONICA SKJELANGER REKNES monica@strilen.no
Her er noko av sushien som vart servert til gjestane.
FOTO: MONICA SKJELANGER REKNES
Made with FlippingBook interactive PDF creator