Vidare Strilen utdanning

7

Strilen

tysdag 12. november 2024

«Eg bur på andre sidan av fjorden, så utan skulen hadde reisevegen blitt lang» - Live Areklett FOTO: HENRIK HAUKEN

«Eg kan namnet på alle som går her. Ein blir lettare kjend med både læra- rar og elevar på ein liten skule» - Jenny Daae FOTO: HENRIK HAUKEN

«Det er låge mobbetal her, skulemil- jøet er midt i blinken» - Andreas Håland Aase. FOTO: HENRIK HAUKEN

«Eg elspp å flytte heimefrå. Så er miljøet her heilt perfekt» - Alva Elise Alfredsen Lerøy FOTO: HENRIK HAUKEN

«Ryktet til skulen er bra. Eg hadde høyrt mykje bra om miljøet frå tidle- gare elevar.» - Thorbjørn Nordanger FOTO: HENRIK HAUKEN

Dei fekk behalde linja og dermed skulen. Likevel kviler ikkje Austrheim vidaregåande på laurbæra når det gjeld studiespesialisering.

– Det viktige her er at elevane sjølv har kome med innspel, sei- er rektor. Det siste tiltaket er å satse hardare internasjonalt. Austrheim har allereie turar til Berlin, men ser via program som Erasmus og Nordplus på mogelegheit til meir internasjo- nalt samarbeid. Høgt nivå på tilbodet Lærarane synest det er kjekt å kome inn til dei studiespesiali- serande klassene. – Her forventar elevane at vi skal levere. Dei utfordrar oss og har ein forventning til oss som lærarar. Nivået på klassane er høgt, seier Kasper Brandt Slettebakken. I snitt er det 20 elevar per stu- diespesialiserande klasse. – Nivået på elevane våre er høgt, og står ikkje tilbake for andre skular. Likevel skulle vi gjerne hatt endå fleire elevar, som er årsaka til tiltaka vi no tar, avsluttar rektor.

Dei kjempa lenge for å behalde studiespesialiserande på sku- len. Vestland fylkeskommune rasla lenge med sablane om å leggje ned linja, men ombe- stemte seg etter massive protes- tar. Likevel kviler ikkje skulen av den grunn. – Vi har sett på tre konkrete tiltak, saman med elevane om korleis vi skal profesjonalisere studiespesialisering enno meir enn vi gjer, fortel rektor Frode Hervik. Sosial sone og tverrfagleg samarbeid Det første tiltaket er å samkøy- re fag med programfaga, der både VG2 og VG3 skal ha same undervisning. – Målet er at vi skal få betre samspel på tvers av linjene. Det andre tiltaket dei gjer er å byggje om tredje etasje til ei sosial sone, der elevane kan trekkje seg tilbake. Målet er at vi skal få betre samspel på tvers av linjene ❞ Frode Hervik

HENRIK RAMBJØR HAUKEN henrik.hauken@strilen.no

Frode Hervik er rektor ved Austrheim vgs. Han har stor tru på at dei juste- ringane skulen no tar, vil gjere det meir attraktivt å velje studiespesiali- sering. FOTO: HENRIK HAUKEN

Lærar Kasper Brandt Slettebakken håpar satsinga vil føre til eit betre psykososialt skulemiljø. FOTO: HENRIK HAUKEN

FOTO: HENRIK HAUKEN

Made with FlippingBook interactive PDF creator