LESERINNLEGG
April Grunnen til at eg deler dette med deg er fordi april er såkalla «Autism Awareness Month». Eg har tenkt mykje på om eg skulle skrive noko i det heile, ettersom eg berre har hatt offisiell diagnose i halvanna år og ikkje har hatt tid og ressursar til å finne meg i sjølv i ho heilt enno. Men eg trur absolutt ho var viktig for meg å få, sjølv om det ikkje løyste alt av problem og usikkerheit med umiddelbar verknad. Eg var 27 då eg endeleg fekk svar på kvifor alt i livet mitt kjendest litt feil, som om eg stod under dekk på eit skip: du veit den kjensla av at det krengjer og at du ikkje står støtt, men samstundes ser alt så normalt ut? Autismespekterdiagnosa gav meg eit vindauge som let meg sjå at krenginga ikkje berre var innbilling, men at det verkeleg var underlaget som bevega på seg. Eg høyrer til den delen av autismespekteret som mange framleis kallar «Asperger» (heretter ASD). Nei, det betyr ikkje at eg er sjukt god i matematikk og totalt
sosialt analfabet slik som filmane vil ha deg til å tru. Eg er ein heilt vanleg autist, med hyperfokuserte interesser eg kan svært mykje om, som også er ein utømmeleg kjelde til fakta som i beste fall kan dukke opp på ein obskur pub quiz (eksempel: den fyrste militære ubåten blei brukt allereie i 1776). Men eg var ikkje ferdig utdanna kjernefysikar innan eg var 12, eg har ikkje fotografisk minne, og eg er langt ifrå kjenslekald. Kronisk utilpass Eg oppsøkte ASD-diagnosen fordi eg er kronisk sosialt utilpass, og det kjem spesielt til uttrykk i sosiale settingar der eg ikkje har eit «manus» å rette meg etter. Nokre gonger blir eg stillare (alle som kjenner meg veit at det ikkje er min naturlege tilstand), fiklar med håret mitt og sonar ut av samtala. Men for det meste kan eg vere vanskeleg å få til å halde kjeft. Eg kan skravle som ei godt vedlikehald mitraljøse, men det kan like mykje vere ein familiesvakheit.
21
Made with FlippingBook - Online catalogs