Autisme i dag 2/2022

LESERINNLEGG

Eg planlegg og øver på sosiale situasjonar i hovudet mitt nesten heile tida. Eg prøver å tenkje meg fram til gode svar på kvar minste «kva om»-scenario eg kan komme på relatert til temaet, og eg legg mykje arbeid i å levere replikkane på ein overtydande måte. Upårekna temaskifte er difor min verste nemesis. I tillegg til å vere like overbelasta som eit oppkoblingsmodem i strøymetenestanes tidsalder, er hjernen min også ein kløppar til å ikkje filtrere ut bakgrunnsstøy, samtalar eg ikkje er ein del av, musikk også vidare. Eg tek altså inn så mykje auditiv stimuli at det har konsekvensar for prosesseringsevna mi. Det går med så mykje fokus på å få med meg kva ord som blir sagt at eg gløymer å ta innover meg kva dei tyder i samanheng. Før diagnosen synst eg det var flaut å miste tråden: no er eg berre ærleg om at hjernen min somme gonger tek seg lunsjpause i rushtida. Til vener seier eg ting som «oppnår ikkje

kontakt med abonnenten» eller «det er for tida svært stor pågang; du er nummer 3 i køen». Også ler me og freistar finne ein stillare plass. Når sosiale situasjonar er omme, er tida inne for diagnostisk analyse. Då dissekerer eg taletid, ordval, reaksjonar frå andre, et cetera et cetera, og rapporten kjem som regel att med svært nedslåande resultat. Eg gjer alltid for lite/ mykje, si for lite/mykje, skjønar for seint, rotar med ord, mister tråden i talrike digresjonar og liknande. Eg minnast kvar einaste sosiale blemme eg nokon gong har gått på. Sunt er det jo ikkje, men eg stimulerer jo arbeidsmarknaden til ein god slump terapeutar. Så kanskje er eg meir samfunnsnyttig enn eg ser sjølv? «Ein sær skatt» Det er ikkje berre i sosiale situasjonar at eg kan slite meg ut over detaljar. Eg har for det aller meste gjort det svært godt på skulen, men det kom ikkje

22

Made with FlippingBook - Online catalogs