Autisme i dag 2/2022

LESERINNLEGG

så gratis som mange trudde. Eg har alltid lagt flid i ting (for det meste iallfall), alltid vore oppteken av å forstå, ikkje berre lære utanåt. Når jaget etter å skjøne alt kolliderer med trongen til å få toppkarakterar i alt, oppstår det ein heil del konfliktar både på inn – og utsida. Eg har opplevd å vere favoritteleven i eit fag og den mest umogelege i det neste for ein og same lærar. Ein av dei kalla meg ein gong ein «sær katt» (denne læraren var ikkje reint lite sær sjølv). Og det er jo ikkje uvanleg at «skoleflink eksentrikar» ikkje er einstydande med «venemagnet». Kommunikasjon kan aldri bli perfekt fordi menneskje oppfattar ting so ulikt, og for mange autistar er dette ei tung oppgåve. Ein må derfor lære seg å svelgje ein del kamelar, og ikkje alle omgivnader er like tolmodige læremeistrar. Det kan vere vanskeleg å oppfatte undertonar i kommunikasjon, og dette fører både til misforståingar og gjer ein ekstra sårbar for å bli utnytta. Eg skal ikkje gå djupare inn i det no, men eg vil be deg

innstendig om å hugse på at ikkje alle kommunikative reiskapar er tilgjengelege for alle menneskje. Vis tolmod og godvilje så langt det lar seg gjere (dette gjeld ikkje berre overfor autistar!) Ikkje berre minus! Eg veit det kanskje verkar som om eg syns autismen berre er negativ: det er han ikkje! Sjølv om han kjem med avgrensingar i samfunnet vi lever i dag, er han også eit ess i ermet i mange tilfelle. Eg høyrer til dømes ikkje berre på musikk: eg opplever han på eit nivå som kan ryste og inspirere meg langt meir enn det andre kan. Eg ser detaljar og gjer meg flid på ein måte mange har misunnt meg. Eg er lidenskapeleg dedikert til det og dei eg elskar, og har ein rettferdssans eg er svært stolt av. Sjølv om eg ikkje alltid forstår heilt korleis andre har det, skal det mykje til at eg ikkje evnar å vise medkjensle. Ho er kanskje ikkje lik som andres medkjensle, men ho er ekte og ho sit djupt.

23

Made with FlippingBook - Online catalogs