Autisme i dag 2/2022

LESERINNLEGG

Noko å tenke over Eg håpar du sit att med noko å reflektere over dei dagane som er att av april 2022. Kanskje lurar du på noko, ønskjer å vite meir, eller kjenner deg att? Og kanskje sit du att med berre eitt einaste, brennande spørsmål: «kva for autist med respekt for seg sjølv brukar så sjukt mange metaforar?» Svara på det er enkle nok: 1. Eg har diverre ikkje så mykje respekt for meg sjølv. 2. Autistar er ikkje masseproduserte robotar. Ingen autist er lik! Tuva Huseby; autist og hobbyskribent.

Eg er ikkje åleine om mykje av dette. Inntil ganske nyleg var den medisinske forskinga på ASD mangelfull, og somme gonger beint ut misvisande. Dei negative stereotypiane og det einsretta fokuset på kva for avgrensingar ein autist kan møte i løpet av livet har ikkje berre konsekvensar for korleis samfunnet rundt forstår og ser på oss: det har konsekvensar for korleis vi ser oss sjølve. Så mykje av mitt liv har gått til å lure på kva som er gale med meg, og kvifor eg ikkje får til det same som så mange andre rundt meg. Eg kan eksistere på nevrotypiske premissar, men eg kan ikkje leve på dei. Mykje av det folk med nevrovariasjonar og/eller kroniske diagnosar opplever i møte med samfunnet treng ikkje sette oss heilt ut av spel, om vi får hjelp til å skape plass til – og aksept for – det som gjer oss annleis. Aksept for at vi ikkje treng å ha like stor kapasitet til alt. At vi ikkje treng å strekke strikken til ho ryk og piskar oss i auget for å ha verdi for fellesskapet.

24

Made with FlippingBook - Online catalogs