Autisme i dag 3/2025

Lokallagsnytt

Frå «nedleggingstrua» lokallag til auka medlemstal og aktivitet

Tekst: Bente Liabø Thorsen Foto : Autismeforeningen

AiN Sogn og Fjordane fylkeslag, no AiN Sogn og Fjordane lokallag, vart restarta i 2011 av pårørande som sakna eit lokalt tilbod. Då hadde fylkeslaget lagt nede nokre år. Med hjelp frå Autismeforeningen sentralt fekk vi restarta fylkeslaget og har hatt drift i styret sidan. Men det har vore krevjande tider, både med å få medlemmer til å sitte i styret og å få nok likepersonar til å drive aktivitetar. Under covid og i samband med fylkessamanslåinga rundt åra 2019-2021 heldt vi på å gi opp. Viljen var kanskje betre enn forstanden, men vi som var att i styret valde å gjere eit siste forsøk på å få valgt eit full- tallig styre og få opp aktiviteteten. Sidan den gong har vi nesten dobla medlemstalet, auka aktiviteten og vi får stadig forespørslar om vi kan stille på kurs og møter og snakke om tilrettelegging for personar med autismespekterdiagnose (ASD). I juni i år arrangerte vi gokart på NMK Sunnfjord si gokartbane i Kråkenesmarka utanfor Førde sen- trum. Her disponerte vi bana åleine i to timar, og vi hadde ein twin-kart tilgjengeleg for dei som even- tuelt hadde behov for å ha med ledsager på bana. Frivillige frå NMK Sunnfjord gjorde ein fantastisk jobb med informasjon før vi fekk køyre, trygga dei som var usikre og gjorde køyringa til ei god opp- leving for dei som deltok. Nær 40 personar var påmeldt, og det er ny rekord for oss på slike arran- gement. Her var nok vêret medverkande, sidan vi hadde sol og gode temperaturar. Etter sjølve gokart- køyringa reiste vi inn til Førde sentrum, der vi hadde bestilt bord på pizzarestaurant. Her fekk vi prata med kvarande og mange fekk knytta nye kontaktar. Slike sosiale møtepunkt tenkjer vi er viktige, både for born og vaksne.

Vi hadde tilsvarande arrangement i juni i fjor, og også då hadde vi godt vêr og god deltaking. Vi tek sikte på å ha dette som ei fast sommaravslutning framover.

Kjekt med gokart. Foto: Alexia Manhusen Aadland

No i haust skal vi arrangere kurs for pårørande og fagpersonar. Her kan også personar som sjølv har ein ASD-diagnose delta. Målet vårt er at alle skal få same informasjon med tanke på å gjere forstå- ing for- og samhandling rundt ASD enklare. I år har vi valgt temaet «Autisme i vaksenlivet». Kurset vert halde på Førde sentralsjukehus, der vi låner

66 AUTISME I DAG

Made with FlippingBook Digital Proposal Creator