Sarkomen 3/2020

 Heimen min i mange månadar

D et var ei travel tid både på jobb og heime, så eg beit tennene saman og holdt fram med alt som skulle gjerast. Samstundes kjende eg at smertene, som starta i høgre skuldra og strålte fram i brystet, auka på og eg klarte ikkje å unngå å gispe når smertene hogg til. I desember kom endeleg dagen då eg hadde time hjå den andre manuellterapeuten, men då eg og sonen min kom fram, vart vi overraska over å finne ei mørklagt bygd. Eg frykta at turen vart bortkasta, men nei. Undersøkingane vart gjennomført med iPhone-lommelykt og konklusjonen vart prolaps i ryggen (Th- 5). Manuellterapeuten såg at eg hadde store smerter, og han anbefalte meg å ta ein MR så fort som mogleg. Som sagt, så gjort. Allereie neste morgon køyrde sonen min

meg til MR-undersøking på ein privatklinikk i Bergen, 4,5 timar frå heimstaden. Midt i MR-undersøkinga fekk eg beskjed om at dei ville ta ein MR med kontrast i tillegg. Eg spurte om dei hadde sett noko spesielt, og eg gløymer aldri svaret eg fekk... «vi får ta ein ting om gongen». I etterkant har min son fortalt om redselen då han såg hektisk aktivitet i gangane og vart spurt om kven fastlegen min var. Då eg var ferdig med den andre MR-undersøkinga, stod klinikklegen klar til å møte oss. Der fekk vi beskjed om at eg hadde ein stor svulst rundt rygggraden, som kunne føre til lammelsar kva tid som helst. Legen hadde allereie teke kontakt med Haukeland og ordna akutt innlegging. Roleg, men sikkert og litt i sjokk, hugsar eg at eg insisterte til sonen min å gå dei 15 minuttene tilbake til bilen vår. Det hadde gått fint å gå til klinikken, så det måtte vel gå bra å gå tilbake, meinte eg. Alvorsstunda kom likevel

24

Sarkomen #3-2020

Made with FlippingBook Publishing Software