Sarkomen 3/2020

meg sa det var lett å gløyme at eg hadde kreft fordi eg såg så bra ut. Men med kontrollar med tre månaders mellomrom var det vanskelegare for meg å gløyme det. I februar 2018, to månader etter siste kontroll, fekk eg igjen intense smerter, denne gongen rundt venstre skulder. Tankane kverna rundt...hadde eg overbelasta skulderen, fått ribbeinsbrot igjen, eller var det noko meir alvorleg? Etter nokre behandlingar hjå fysioterapeut utan betring, kontakta eg kreftpoliklinikken på Haukeland og i løpet av to veker var eg i gang med ein ny runde cellegift. Med 16 turar til Bergen, inkludert ei overnatting kvar gong på sjukehushotellet, gjekk tida relativt fort. Både reisene og kurane gjorde at eg var i ganske dårleg form på slutten. Treningsgruppa GNIST (liknar på pusterommet) ved idrettssenteret her i bygda blei ein fin plass å komme til, og der møtte eg andre som hadde eller hadde hatt kreft, og gruppa ga meg auka motivasjon til trening. Etter halvanna år med tilnærma normalt liv, måtte eg starte med cellegift igjen i desember 2019. Eg hadde kjent smerter rundt høgre skulderen kort tid før kontrollen, så eg var forberedt på at det kunne skje. Tre dagar seinare var eg tilbake på Haukeland og fekk min fyrste kur. Etter tre kurar fekk eg lov til å ta dei fire siste kurane på fylkessjukehuset. Det verka som eg tålte behandlingane betre når reiseavstanden vart mindre. I tillegg slapp eg overnatting på sjukehushotellet, noko som var var veldig greit da koronautbruddet kom like etter. Eg følte at opplegget på fylkessjukehuset var trygt. Eg var ein erfaren pasient, var sjukepleiar sjølv og onkologen på Haukeland hadde sendt «oppskriften» for behandling til fylkessjukehuset. Og det gjekk bra! No er det berre nokre dagar igjen før ny kontroll. Det blir godt å komme til Haukeland og møte igjen onkologen min, som eg har no kjent i snart sju år. Telefonkonsultasjonar fungerer, men det er noko anna å møte henne ansikt til ansikt.

Mellom behandlingane har eg hatt det veldig bra. Smerter har eg, men eg klarer mykje. Eg har vore på mange utanlandsturar, fjellturar, jobba 60 % og kosa meg masse med familie og venner. Eg tek dagane som dei kjem og brukar ikkje krefter på å engste meg over den neste kontrollen. Rett nok ligg det alltid litt i bakhovudet at eg må kanskje byrje att med behandlingane, men eg føler at når eg er forberedt på at det kan skje, er det ekstra gledeleg når eg slepp det. Og når det går bra er det alltid kjekt med ein belønning etterpå, enten å kjøpe seg noko fint, eller planlegge ein ny utanlandstur. Akkurat no, i desse korona- tidar, må det holde med ei gåve til seg sjølv. Samstundes har eg framleis som mål å reise til heimlandet USA igjen og kosa meg med familien min der. Langtidsmål må ein også ha!

 På besøk ti l fami l ien sommar 2016 - Cancer Survivors Park i Minneapol is

29

Sarkomen #32-2020

Made with FlippingBook Publishing Software