Eg hadde og hjelp frå Bekken- bunnsspesialisten i Bergen med trening med NeuroTrac MyoPlus over lang tid. Etter intensiv tre- ning i 18 mnd fram til sommaren 2020 – utan resultat i det heile, fekk eg endeleg komma til utred- ning ved urologisk avd på H-US 26. august. Bekkenbunnstreninga mi hadde ikkje hjelpt og resultat vart at «du er absolutt kandidat til å få innoperert AMS800». Forut for prostata-operasjonen i 2018, i info-samtale med kreft- lege, fekk eg sjølvsagt vita om ri- siko om langvarig urinlekkasje – men at det ved ettårskontroll ville bli vurdert «tiltak». Eg hadde store forventningar om at også eg skulle få orden på urinlekkasjen. Etter info om at eg skulle få inn AMS800, gjekk det en mnd før eg ringte urologisk ved H-US, ville høyra om kor tid eg fekk operasjon. Tilbakemelding var februar 2021, dvs minst 26 mnd etter kreftoperasjonen! Stor for- skjell på ett år og godt over to år! Eg har jo høyrt om og lese om begrepet «fritt sjukehusval».
Fritt behandlingsvalg Ordningen Fritt behandlings- valg gir deg retten til å velge behandlingssted for alle planlagte undersøkelser og behandlinger.
Med tanke på min etterlengta operasjon, tok eg derfor telefon- kontakt med Helse Norge – som kunne informera om at slike ope- rasjonar blei utført på tre sjuke- hus i landet. St. Olavs Hospital i Trondheim hadde kapasitet FØR H-US, men tok kun imot pasi- entar frå Trøndelag og fylkene lenger nord. Oslo US (får vistnok sine pasientar operert på Aker sjukehus – trur eg), hadde kapa- sitet tidlegare, men dei tok heller ikkje i mot pasientar frå vest – fordi dei hadde lært opp H-US til å foreta slike operasjonar. OK – kva då med fritt sjukehusval?
26 PROFO-NYTT 1 /2021
Made with FlippingBook flipbook maker