AUTISME I DAG 3/2020

Sosial ferdigheitstrening med elever med autismespekterforstyrring – frå eit litteratursøk til APP

Av: Siv Marie Øyjord og Ingeborg Halvorsen

Innleiing Etter at vi fyrst oppdaga boka «Social Skills Training» av Jed Baker, har det ført til utvikling av fleire verktøy innanfor sosial trening med elever med autismespekterforstyrring. Vi fekk mellom anna Jed Baker frå USA til Haugesund for å halde kurs for 300 menneskjer. Vi har laga 63 video- modelleringsfilmar med utgangspunkt i Jed Baker sine sosiale program. Og til slutt er vi no i ferd med å lansere den digitale plattformen «ViMo», som vi håper kanbli eit nyttig innlæringsverktøy for elever med ASF. Det heile starta med at vi søkte etter ny litteratur kring innlæring av spesifikke sosiale ferdigheiter til elevar med

ASF. Målet var å kunne gje rettleiing i spesifikk og målbare ferdigheiter. Etter ei rekkje søk fann vi boka «Social Skills Training» skriven av Dr. Jed Baker. Dr. Jed Baker er frå New Jersey, og er direktør av Social SkillsTraining Project, som er ein privat organisasjon som gjev tilbod til menneskjer med autisme og sosiale kommunikasjonsvanskar. Han er i tillegg forfattar, førelesar og tilbyr rettleiing innanfor sosiale ferdigheiter og utfordrande åtferd. Han har motteke pris for fem av bøkene sine, inkludert «Social Skills Training for Children and Adolescents with Aspergers Syndrome». Boka inneheld 70 spesifikke sosiale ferdigheiter, som Baker har valt ut på bakgrunn av si

56

AUTISME I DAG 3/2020

Made with FlippingBook flipbook maker