AUTISME I DAG 3/2020

www.youtube.no.Tilbakemeldingane og nytten av videoane førte til at vi via Autismeforeningen søkte om midlar hjå Extrastiftelen til å produsere 47 nye videomodelleringsfilmer. Videomodellering kan styrke effekten ved innlæring av nye ferdigheiter eller åtferd hjå elevar med ASF. Innlæringsmetoden går ut på at barnet lærer ferdigheita gjennom å sjå andre utføre den, via video. Samstundes som videoane er nyttige ved innlæring/ forståing av ferdigheita, kan den også bli brukt som ei påminning i forkant av ein situasjon der barnet har bruk for ferdigheita. Det positive med videomodellering er at eleven kan sjå videoen fleire gonger, den er visuell (som er ein styrke hjå mange med ASF), den kan ha generaliseringseffekt og det er fokus på ei ferdigheit om gangen. Samstundes kan eleven han den tilgjengeleg om han skulle bli usikker i ein aktuell situasjon.Men i praksis er det sjeldan vi tilrår å berre bruke video ved innlæring av ny ferdigheit. Vi erfarer at det beste resultatet får vi når vi bruker videoen saman med forklaring, trening/ øving og andre innlæringsteknikkar. Døme på sosiale ferdigheiter som vi har laga video av er: Å lytte til andre, Å avbryte andre i ein samtale, Å halde gåande ein samtale, Å ta opp sensitive tema, Å spørje om hjelp, Å kjenne att kjensler, Å takle eit nei.

lange erfaring med ASF, og som han meiner elever med ASF har mest behov for å trene på. Metoden Jed Baker nyttar ved innlæring av ferdigheiter er: Forklaring, vise/modellering, rollespel og trening i naturlege situasjonar. Boka skildrar også fleire innlæringsteknikkar, som til dømes videomodellering, sosiale historier, biletbok og jamgamletrening. Etter kvart erfarte vi at både lærarar og elevane med ASF ynskte meir visualisering av ferdigheitene. Jed Baker tilrår å bruke videomodellering for å styrke at eleven skjønar alle elementa kring ferdigheita. Til dømes å ta den andre sitt perspektiv, og for å tolke den andre sine reaksjonar/kjensler. Det var starten på produksjonen av videomodelleringsfilmer knytt opp til spesifikke sosiale ferdigheitene i manualen til Jed Baker. Det var også starte på den direkte kontakten med Jed Baker, og for å invitere han til Noreg for å legge fram manualen, innlærings- metoden og teknikkane. Jed Baker har laga fleire videomodelleringsfilmer som ligg tilgjengeleg på www.youtube.no . Videomodelleringsfilmane I fyrste runde fekk vi midlar frå det Regionale fagmiljøet for autisme, ADHD, Tourettes Syndrom og narko- lepsi i Helse Vest til å produsere 16 videomodelleringsfilmar med firma Subi film. Dei ligg tilgjengeleg på

58

AUTISME I DAG 3/2020

Made with FlippingBook flipbook maker