AUTISME I DAG 3/2020

ViMo

Jed Baker tilbake til Noreg Den gledelege nyheita er at Dr. Jed Baker igjen kjem til Noreg for å legge fram innlæring av sosial ferdigheitstrening for barn med ASF, i aldersgruppe 4 – 10 år. Det er det regional fagmiljøet for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi i Helse Vest og Helse Sør-Øst som arrangerer konferansen om «Etablering av sosiale ferdigheiter» med Jed Baker den 3 februar 2021.

Når det blei søkt om midlar til Extrastiftelen om å lage videomodelleringsfilmer, søkte vi også om midlar til å lage eit design på ein digital plattform. Designet skulle utviklast i samarbeid mellom Helse Fonna, youwell, Haltenbanken, Appex og Haugesund barneteater. I «ViMo» skal videoane har ei sentral rolle som ein av innlæringsteknikkane som lærar eller elev kan bruke ved innlæring av ei ny ferdigheit. Vi har som mål at «ViMo» skal innehalde metode, sosiale program, kartlegging, vurdering av progresjon og innlæringsteknikkar. Alt i alt skal alle i «ViMo» kunne analysera åtferd, sette sosiale mål og lage eit «komplett» treningsprogram for ein aktuell elev. «ViMo» vil mest sannsynleg bli tilgjengeleg for alle skular i Noreg ila hausten 2020.

59

AUTISME I DAG 3/2020

Made with FlippingBook flipbook maker