Nytt fra fylkeslagene
Fra venstre: Marie Ødegård Gjengstø, Karoline Tovan, Torill Fjæran-Granum
Informasjonskveld i Ålesund
Tekst og foto: Karoline Tovan, leder i Ålesund fylkeslag Foto fra venstre: Marie Ødegård Gjengstø, Karoline Tovan, Torill Fjæran-Granum
Autismeforeningen Møre og Romsdal fylkeslag arrangerte informasjonskveld om autisme på Parken kulturhus i Ålesund torsdag 24. oktober. Vi ser eit stort behov for å legge til rette for betre kompetanse om autisme, og har difor arrangert informasjonskveld 3 år på rad. Vi arrangerer på ulike stadar frå år til år. Første året fekk vi 250 deltakarar, andre året 265 og i år klarte vi fantastiske 450! Dette er vi stolte av - og det viser at mange er svoltne på meir kompetanse. Informasjonskvelden var gratis og open for alle, og agendaen var aktuell blant andre for skular, barne- hagar, PP-tenesta, pårørande, barnevern og elles andre kommunale og private instansar. Vi satsa stort, og salen hadde plass til 500. Vi valde derfor å leige inn førelesar frå Spiss, og Torill Fjær- an-Granum tok oss gjennom viktige moment med tanke på tilrettelegging i praksis. I dialogen med
medlemmane våre ser vi at dette er eit svært viktig tema å belyse. I tillegg hadde vi eit rørande bruka- rinnlegg frå Marie Ødegård Gjengstø. Styret har jobba aktivt for å legge til rette for arrange- mentet. Det var ikkje bindande påmelding, så fleire av oss sov dårleg natta før arrangementet. Gleda var stor då vi såg at vi fekk nesten full sal - og dette motiverer oss til nye arrangement. •
Ditt fylkeslag Skriv til oss om aktiviteter i fylkeslaget ditt.
Skriv til aid@autismeforeningen.no
36
AUTISME I DAG BD46 NR4/2019
Made with FlippingBook - professional solution for displaying marketing and sales documents online