Hjernecella 1/2023

«Eit åretak ...»

Du set stille i båten og tenkjer Trøyster og undrar deg på

Der sildrar blodet i frå hjarta Og hjartepumpa kviknar litt til Når sola leiar oss framover Kjenner du kor livet ditt vil I kvart eit åretak tek du Eit tak mot ditt eige mål Og om du møter på motstand Kan du slynge deg fram som ein ål Kanskje er du litt sleip å få fat i Kanskje rotar du deg bort i ei ur Plutseleg vil du nok oppdage det At faktisk så er du på tur

Eit lite smil kan løfta opp Eit motmæl lett kan stogga Ei spenning gjennom livet Erfaring heilt frå vogga Ei gjerning som er bra nok Ein tanke som er god Eit liv er verdt å leva Men i båten må du ro Blikkstille glir båten framover I det glitrande kalde og klåre Sola speglar seg i glansen Og varmar oss inni våre åre

Om alle i verda var like Kva skulle DU med dette

Hilde Fjellsende

Made with FlippingBook Digital Publishing Software