Sarkomen 3/2020

 Trimtur heime vår 2015

Då det vart klart at eg kunne vera heime, vart invitasjonene sendt ut på kort varsel. Blodoverføring vart gitt før utskriving, slik at eg skulle ha energi til å gjennomføre dagen. Mange tårer vart felt på konfirmasjonsdagen, men for ei kjekk helg det vart! Litt verre vart det dagen etter, då feberen steig og eg måtte innleggast igjen. I juni byrja stråling og oppholdet på sjukehushotellet. Etter ei veke med stråling reiste eg heim til Sogn ein tur. Lite visste eg då at eg ikkje skulle komme heim igjen på 4,5 månad. For i løpet av den andre veka med strålebehandling byrja eg å miste kontroll over beina. Etter ein samtale med onkologen vart det bestemt at eg måtte leggast inn att på avdelingen. Til mi stor overrasking kom det to ambulansearbeidarar med ambulanse og båre, som frakta meg 400 meter frå sjukehushotellet

til sjukehuset...ei stor oppleving for ho som var på besøk hjå meg akkurat då.

Det vart nye MR-undersøkingar og mannen og dottera vart med meg på fleire hastemøter med onkologen og fleire kirurgar. Dilemmaet var at ein operasjon ville redusere risikoen for varig lammelse, men samstundes kunne auke risikoen for spredning. Onkologen tok seg god tid til å informere og svare på spørsmåla våre, noko som betydde mykje. Konklusjonen vart til slutt operasjon, og i løpet av nokre timar låg eg på operasjonsbordet. Tidleg neste morgon våkna eg opp på ortopedisk avdeling, og til besøk av kirurgen som hadde operert meg. Kirurgen virka ganske lei seg då han høyrte at eg var lam frå brystet og ned. Han kunne nemleg fortelle meg at eg hadde bevega beina mine etter operasjonen, noko eg ikkje hugsa sjølv. Ny MR vart bestilt og dei oppdaga

26

Sarkomen #3-2020

Made with FlippingBook Publishing Software