Sarkomen 3/2020

ei blødning rundt operasjonsstaden. Eg vart umiddelbart operert på nytt, men var framleis lam då eg våkna att. Ein ny kvardag byrja med snuing som ein tømmerstokk kvar tredje time, innlagt kateter og tømmimgsregimer, og alt dette på den varmeste sommaren Bergen hadde opplevde på lenge. Midt opp i dette måtte mannen min opererast for prostatakreft lenger bort i gongen. Nyoperert satt han på rommet mitt, holdt meg med selskap og hjalp meg med alt eg ikkje kunne gjera lenger.

heimland) igjen, og eg skulle komme meg opp til fjellstølen vår i Sogn.

Den 31. oktober 2014 kom eg endeleg heim, og hjelpemiddelsentralen kom fort på bana. Eg trente hardt og var bestemt på at eg skulle oppleve alt eg kunne så fort som mogleg. Eg var sikker på at livet skulle ende i løpet av nokre få år. Det var kontrollar kvar tredje månad, og eg var nesten overraska kvar gong eg slapp ny behandlingar. Eg byrja i 60 % jobb att, og begynte å synge i kor, noko som ga meg mykje overskot. Omlag eitt år etter heimkomst klarte eg til og med å komme meg opp på fjellstølen att med hjelp av ein firhjuling og stavar, ein stor seier!

Alt i alt har eg mange gode minner frå oppholdet på kreftavdeling, tross alt det trassige eg måtte gjennomgå. Sarkomteamet og personalet for øvrig var eineståande og hadde alltid tid til å snakke med meg, trøste og forklare. I tillegg møtte eg mange andre med sarkom som eg kunne dele mine erfaringer med, noko eg følte veldig behov for spesielt dei fyrste månadene. I midten av august vart eg endelig ferdig med stråling. Eg kunne likevel ikkje reise heim før den planlagte

Månadane gjekk utan tilbakefall, men i november 2015 kom ein annan type nedtur. I samband med ein time på gynekologisk poliklinikk på fylkessjukehuset vart det oppdaga at eg hadde leiomyosarkom allereie mange år før eg fekk diagnosen. I mars 2008 fekk eg nemleg fjerna det eg trudde var ein muskelknute

frå den eine eggstokken. Det viste seg imidlertid at den 15 cm store svulsten var eit leiomyosarkom, som fylkessjukehuset gløymde å følge opp. For å gjøre ein lang historie kort, anbefalte sjukehuset at eg søkte om erstatning. Bitter kunne eg sjølvsagt vera, men ingenting kunne endrast og eg orka ikkje å bruke krefter på å ergre meg. I staden byrja eg å planlegge USA-tur, men fyrst måtte eg på kontroll att. Dessverre fant dei spredning til den venstre hofta og til lungene. Eg fekk lov til å reise til USA, men eg måtte rett på sju veker stråling på hofta då eg kom heim. Eg fekk ei fin tid på sjukehushotellet med litt fjellturer, trening på Pusterommet og gode samtalar på

operasjonen i september. Til alles store glede fekk eg til slutt plass på Spinalenheten fram til operasjonen skulle gjennomførast. Der bestod kvardagen av ståtrening, svømming, fysiotimar, harde treningsøkter og etterkvart rullestol- og gåtrening. Etter ein månads opphald, fekk eg besøk av onkologen og kirurgen, som hadde komme fram til at den planlagte operasjonen ikkje kunne gjennomførast fordi det vart for risikabelt. Denne beskjeden betydde samstundes at eg ikkje kunne bli frisk att. Oppgåveorientert som eg er, skifta eg raskt fokuset til å gjera det beste ut av tida eg hadde. Og langtidsmåla var klare: Eg skulle reise til familien i USA (mitt

Vardesenteret. Eg kom fort tilbake i kvardagslivet etterpå, og fleire rundt

27

Sarkomen #3-2020

Made with FlippingBook Publishing Software