Gruppetto SYKKELSPORT 4-2014

MIN STORE STYRKEPRØVE

Nokre vil nok seia at det sporty å stilla opp på sykkelrittet Trondheim-Oslo på kort varsel. Ei dame frå VG-nett ville sagt det med to ord: Rimeleg idiotisk! Men som ei god mor sa: ”Du kan jo berre gje deg om du ikkje klarar det.” Utfordringa vart for fristande å takka nei til. Dei tre andre hadde fått med seg mødrene sine i følgjebil. I verste fall kunne eg sitja på med dei fram til Oslo. Uansett – dette påverka nattesøvnen. Relativt utrent, lettare overvektig, heilt fersk med langvegs- sykling: Ville eg kunna klara dette?

Her har du min personlege framstilling av vegen fram mot Den store Styrkeprøven.

TEKST Edvin Vallestad

kanskje med litt promille i blodet og det over- mot som følgjer med, men spanande, ja, det tykte mange at dette var. Ei utfordring større og meir manndig skal ein leita lenge etter! Dessutan var det lenge til 25. juni neste år. Planane skreid fram og namna på blokka endra seg med tida. Tre veker før rittet sto namna på tre utflytta sveibuar att: Birger sjølv, bror hans, Håkon, og Sigurd Hovda. Talet på treningssamlingar auka fram mot rittet, gjerne saman med det veksande sykkelmiljøet i Sveio.

sveibu Kenneth Nilsen i februar: Skal du vera med på Hårfagrerittet? Dette sa eg ja til, og 17. april sykla eg det til då desidert lengste eg nokon gong hadde sykla: 53 kilometer. Rett nok var dette på fjellsykkel. Rittet gjekk greitt og var overraskande morosamt. På kvelden etterpå samlast nokre av deltakarane frå Sveio seg for ein sykkeldrøs og ei lita feiring. Stakkars dei som ikkje var interessert i syk- ling denne kvelden. Her prata folk sykkel, syk- ling, sykkeldelar, syklistar, sykkelritt, sykkelk- lede og ikkje minst: om sykkelplanane framover. Det synte seg at i Sveio var det eit miljø i vekst, sett saman av innflytta, utflytta, heimvendte og fastgrodde sveibuar. Alle har

Fredag 25. juni klokka 23.45 gjekk startskotet i Trondheim for ein heimvendt og tre utflytta sveibuar. Målet var Oslo. Den Store Styrke- prøven er eit av Noregs mest kjende og tradi- sjonsrike sykkelritt og strekkjer seg over heile 540 kilometer. Flatt er det heller ikkje – bakkar og fjell er det nok av på strekninga. Ingen av oss hadde sykla rittet tidlegare, og førebuingane varierte veldig. Me såg alle med skrekk og gru på det som sto føre oss. Ulike målsetjingar og skjema til ulike tider vart dis- kutert, men viktigast av alt var det å klara å koma i mål – og det var ingen av oss sikre på at me skulle klara. Eit slikt ritt byrjar ikkje sjølve startdagen. Først må nokon tenkja tanken, ytra han, og nokon må bita på. Deretter må prosessar setjast i gong. Eg byrjar difor med byrjinga. Ein god idé I august i fjor var Birger Matre Christiansen, kjend for sine framifrå prestasjonar i volleyball og no busett i Sverige, heime i Sveio i anledning eit 30-årslag. Her la han fram ein plan om å melda seg på Den Store Styrkeprøva. Mange synte si interesse,

Sykkeldrøs Eg fekk ei melding på facebook frå utflytta

God og optimistsik stemning før start.

84 GRUPPETTO # 4

Made with FlippingBook. PDF to flipbook with ease