Gruppetto SYKKELSPORT 4-2014

STYRKEPRØVEN

fått med seg mødrene sine i følgjebil. I verste fall kunne eg sitja på med dei fram til Oslo. Uansett – dette påverka nattesøvnen. Relativt utrent, lettare overvektig, heilt fersk med langevegssykling: Ville eg kunna klara dette? Før start Me kom oss til Trondheim på ulikt vis. Sigurd, Håkon og dei sporty mødrene deira, Torhild Matre og Astrid Hovda, køyrde opp. Over fjellet kom meldingane frå Sigurd: Detta blir tungt… Eg byrja å sjå mørkt på det. Dei køyrde store delar av løypa, og det dei såg, var ikkje opp- muntrande. I Trondheim hadde Håkon leigd lokale til oss. Dei fleste var framme dagen før rittet. Sjølve rittdagen gjekk med til eting, kvile og planlegging. Det var ikkje fritt for at det rauk med litt pengar på sykkelutstyr óg. Alt som kunne tenkjast å gjera dette enklare, vart kjøpt inn. Sigurd var utan tvil best på førebuingar. Den fulle oversikta over alle remedia har han vel knapt nok sjølv. Duppedittar, piller, styrkedrikkar, energibarar og skvisegeléar, alt måtte me ha. Startskotet Kjensla før start var særs merkelig. Tid og stad var borte. Torhild spurde om noko om morgondagen, og det var umogleg å svara ho. Nett no var det kun startskotet som gjaldt og ingenting anna. Alt anna var i fjern framtid. Å vera så til stades her og no er veldig spesielt og noko dei færraste føler i kvardagen. Klokka 23.45 gjekk startskotet. Overmotet styrte farten i byrjinga. Me følgde med dei som drog raskast på. Kanskje var det like mykje eit ønske om å verta raskast mogleg ferdig. Redd for å gå tom for næring, som eg hadde gjort på turen fram og tilbake til Sauda, stappa eg i meg frå første kilometer. Første mat- og servicestasjon skulle koma etter 60 km. Det gjekk greit å henga med, men for mykje mat og drikke byrja å pressa på. På computeren sto det 58 km, og me skulle snart få stoppa. At matstasjonen kom 2 km etter at den skulle, gjorde at eg vurderte å gjera som dei gjer i Tour de France. Endeleg – matstasjon! Eg kasta frå meg sykkelen og lot det renna ut. For oss mannfolk er det ei merkeleg erfaring å lata vatnet etter timar på eit sykkelsete i stramme tights. Prøv det den som vil! Me var einige om at dette

Håkon og Birger er framleis i godt mot på Dombås. Sigurd (t.v) og meg sjølv (bak) ser ikkje like sjølvsikre ut...

Store Styrkeprøva er om lag 2,5 gonger så lang, og ti gonger så lang som Hårfag- rerittet! I mai og juni spurde Kenneth Nilsen meg fleire gonger om eg ville være med å sykla

me lagt merke til det. Talet på syklistar langs vegane stig. Sportsbutikkane gjer gode penger. For det var ikkje tvil i samtalane – det gjeld å ha utstyret i orden!

“3. mai opna eg kreditt- konto og kjøpte landevegssykkel for feriepengane.“

Lillehammer – Oslo saman med han og Ståle Enerstvedt. Dette er siste del av Trondheim – Oslo, og ”berre” 190 kilometer. For meg var sykling så nytt at eg slo i frå meg alt. Men siste gongen Kenneth spurde, sa eg ”skal eg først reisa og betala så mykje berre for å få sykla, skal eg heller sykla heile distansen.” Kenneth ringde Sigurd Hovda, og litt over to veker før start tikka denne meldinga inn på min mobil: Syns du ska hiva deg me på Tr.heim-Oslo. Ser det fremdeles e ledige plassar i vår pulja, Dessuten e detta ein bra mulighet når me allerede har fiksa følgebil + du tilfredsstille kravene me stille som hjelperyttar:) Nokre vil nok seia at det sporty å stilla opp på så kort varsel. Ei dame frå VG-nett ville sagt det med berre eitt ord: Rimeleg idiotisk! Men som ei god mor sa: ”Du kan jo berre gje deg om du ikkje klarar det.” Utfordringa vart for fristande til å takka nei. Dei tre andre hadde

40-årskrise? Kva er det som gjer at menn mellom 25 og 60 kjøper seg syklar til titusenar av kroner? Dei fleste i miljøet i Sveio er mellom 30 og 35. Kanskje ei 40-årskrise på forskot? I så fall er ikkje det så dumt. Då har me i alle fall ein rimeleg god sjanse til å vera i form den dagen krisa kjem for fullt. I den påfølgjande tida etter Hårfagrerittet dukka det opp fleire invitasjonar til å sykla på landevegssykkel. 3. mai opna eg kredittkonto og kjøpte landevegssykkel for feriepengane. Sykkelen kom raskt i bruk. Me samla oss til turar rundt i Sveio. I Sveio finst det fantastisk fine sykkelturar! Rundt Kalland, Fjon og Erve er det nydeleg. Bua og Auklandshamn like fullt. Me sykla óg til Seljestad og fram og tilbake til Sauda frå Haugesund. Den siste turen var på drygt 22 mil. 22 lange og tunge mil. Den

STYRKEPRØVEN

# 4 GRUPPETTO 85

Made with FlippingBook. PDF to flipbook with ease