i
fort på Haukeland, då eg vart kommandert opp i ei seng og ikkje ein gong fekk lov til å gå på toalettet. Seint på kvelden vart eg innlagt kreftavdelingen med ukjent kreftdiagnose etter konsultasjon med tre-fire legar. Eg var nok litt utanom meg sjølv, for eg hugsar at eg var mest oppteken av at sonen min skulle komme seg heim til Sogn før tunnellane vart nattestengt. Lite tenkte eg på tannbørsten eller mobilladeren som låg att heime, før dottera mi ringde frå Oslo seint om kvelden og lurte på kva eg hadde teke med meg til Bergen. Neste morgon stod ho i døra med mobilladaren og kle eg kunne låne. Dei neste to vekene var ho med meg gjennom utallege undersøkingar og vanskelege beskjedar, noko som var umogleg for mannen min, som både var melkebonde og heime med våre to yngste barn. Då diagnosen leiomyosarkom var stilt, visste eg som sjukepleiar at det var alvorleg, medan dottera mi hadde aldri høyrt om sarkom. Samstundes var vi begge letta over at dei ikkje fann svulstar andre stadar enn i ryggraden. Berre seks dagar etter innlegginga fekk eg min fyrste cellegiftkur. Åtte cellegiftkurar, sju veker stråling og deretter operasjon for å fjerne svulsten stod på programmet dei neste åtte månadane. Grunna truande lammelsar vart Haukeland min heim fram til midten av februar. Då meinte onkologen at det var trygt å sende meg heim eit par dagar og at eg hadde godt av å komme meg litt bort frå sjukehuset. Det var litt merkeleg å vera heime, og på ein måte var det godt å komme tilbake til trygge Haukeland igjen. Biverknader som kvalme, slappheit og forvirring vart ein del av kvardagen. Kiloa raste av og den fysiske formen tapte seg utruleg fort. Fysioterapeuten vart kobla inn, og eg byrja med enkle øvingar og trappegåing for å bygge meg opp att. Fritida fylte eg med strikkeprosjekter og prat med personale og medpasientar. Med ca 240 sjukehusovernattingar over ti månadar, vart eg godt kjent med både personalet og
Leiomyosarkom er et BLØTVEVSSARKOM
Bløtvevssarkom opptrer i alle aldersgrupper, gjennomsnitts- alder er cirka 60 år. Sykdommen forekommer noe hyppigere hos menn enn kvinner. Bløtvevssarkom i ekstremiteter og trunkus (kroppen uten hode, armer og ben) utgjør cirka 60 % av alle bløtvevssarkomer. Bløtvevssarkom kan oppstå hvor som helst i kroppen, men de vanligste lokalisasjonene er armer og bein, overkropp og fordøyelseskanalen (GIST). Det finnes mer enn 50 forskjellige undergrupper som alle oppfører seg forskjellig, og en av de er leiomyosarkom.
andre på avdelingen. Personalet gjorde alt dei kunne for at eg fekk dele rom med to damer som eg trivdes godt med, noko som betydde utruleg mykje. Då andre la seg og lysa vart slukka, gjekk vi ofte ut i gongen, prata og strikka. Etterkvart vart vi kjent som «dameklubben» på post 2. I tillegg hadde dottera mi ein veldig fleksibel arbeidsgjevar i Oslo, som ordna med “heimekontor”, slik at ho kunne besøke meg dagleg i nesten tre månadar. Og yngste sonen fekk ofte fri frå skulen for å besøke meg. Ikkje minst ringte min eldste bror til meg kvar dag på FaceTime, og kom saman med sin sambuar heilt frå USA for å vera med meg fleire veker på sjukehuset. Det var gull verdt!
I mai 2014 kom tida til å feire konfirmasjonen til yngstemann.
25
Sarkomen #3-2020
Made with FlippingBook Publishing Software